Hopp til innhald

Ski-VM 1984

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på ski i nordiske greiner 1984 vart arrangert 26. februar 1984 i Engelberg i Sveits, og 17. mars 1984 i Rovaniemi i Finland. På kvar av stadane vart det avvikla ei øving; i Engelberg var det skihopping for lag, medan det i Rovaniemi gjaldt lagtevling for kombinert. Verdsmeisterskapa i desse øvingane kom i stand då øvingane ikkje hadde fått plass i programmet for Vinter-OL 1984 i Sarajevo.

Laghopping i storbakke

[endre | endre wikiteksten]

26. februar 1984

Medalje Lag Poeng
Gull  Finland (Markku Pusenius, Pentti Kokkonen, Jari Puikkonen og Matti Nykänen) 618,3
Sølv  Aust-Tyskland (Ulf Findeisen, Matthias Buse, Klaus Ostwald og Jens Weissflog) 572,2
Bronse  Tsjekkoslovakia (Ladislav Dluhoš, Vladimír Podzimek, Jiří Parma og Pavel Ploc) 564,1
4  Austerrike (Armin Kogler, Richard Schallert, Ernst Vettori, Andreas Felder) 561,0
5  Jugoslavia (Tomaz Dolar, Miran Tepes, Vasja Bajc, Primož Ulaga) 516,6
6  Noreg (Ole Gunnar Fidjestøl, Vegard Opaas, Ole Christian Eidhammer, Per Bergerud) 516,2

Stad: Engelberg, Sveits

Kombinert lag (hopp og 3 x 10 km)

[endre | endre wikiteksten]

17. mars 1984

Medalje Lag Poeng
Gull  Noreg (Geir Andersen, Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg) 1189,46
Sølv  Finland (Rauno Miettinen, Jukka Ylipulli og Jouko Karjalainen) 1186,32
Bronse  Sovjetunionen (Aleksandr Prosvirnin, Aleksandr Majorov og Ildar Garifullin) 1183,54
4  Aust-Tyskland 1168,10
5  Vest-Tyskland 1129,68
6  Tsjekkoslovakia 1116,12

Stad: Rovaniemi, Finland

  • Sportsboken 1984/85